Eg såg deg

Og eg tenkte,

eg skulle til å seie

Men så stoppa eg

Meg sjølv

«Du er så flott

Der du står,

lille du»

Men du er ikkje

Liten

Du rommer ei heil verd

Meir enn eg kan sjå

Meir enn eg kan forstå

 

Du står der

Så flott og rank

I vinden

I regnet

Strekk deg så langt

Du maktar

Opp

Opp mot ljoset

Byr deg fram

Som du, som din eigen forgjengar,

Har til

Uminnelege tider

Byr deg fram

For å halde fram

Som etterkommar av deg sjølv

Fleire stader i verden

Samstundes

Du er så flott

Der du står,

store du!

Handlekurv