Wow

Svart i sjela

Lyg du

Så eg høyrer det

For å overtyde deg sjølv

Om at det er sanninga

Så lenge det er sagt

Så lenge det er hørt

Av eiga røyst

Av eigne øyrer

Du fortel deg sjølv

Røynda du ynskjer

Skal vere sann

Medan eg ser

Luftslottet ditt forsvinne

Med eit utpust

Ser du ei festning så solid

Der du får deg sjølv til å tru

At eg har gått meg vill

I oppspinnet ditt

Men eg ser kva du gjer

Med meg, med deg

Lukke til

Med å finne tilbake att

Til deg sjølv

Om du nokon gong var der

Handlekurv