Der
Du står der
Rank og flott
Stødig og stolt
Åleine blant alle
Skin du
I hausten si gylne drakt
I grøn, vårleg von
Vår etter vår
År etter år
Ei bjørk i ei verd av gran
Dei ser deg
På deg
Svinger seg i takt
Med taktstokkane dine
Med deg
Med rørslene dine
Medan dei forsøker å attskape
Melodien dei høyrer
Frå blada dine
Du står der
Solid planta i jorda
Godt nede i jorda
Brer du deg
Større enn deg sjølv
Du er jorda
Jorda –
Verda er deg
Granskogen høyrer
Du vil den skal lytte
Kjenne
Det du kjenner
Føler
Så sterkt
Du veit
Dei trur
Du snakkar gjennom røtene
Til røtene deira
Rett inn til deg
Indre auget
Direkte frå hjarte til hjarte
Medan dei trur at
Dei må se på faktene, på greinene
At dei
Må høyre på ljoden i vinden
Der
Du står der
I ljoset
Og stråler, og styrer
Meir enn deg sjølv, meir enn du trur
For like ved
I skuggen din
Står me, står eg
Ein flokk med bjørk
Ein skog i skogen
Ein liten skog
Som lytter
Som føler – kjenner
Deg
Som har sine hjarte fulle
Av deg
Av det ditt hjarte renn over av
Av din kjærleik
Din grenselause kjærleik
Av all di medkjensle
All di omsut
Alt kva du er
For me
Me lytter
Me hugsar
Me føler, me kjenner
Me elskar
Djupt og inderleg
Med botnlaus kjærleik
Deg
For du
Er for alltid
I våre hjarte
Kjære deg