Takk til Bjørg Stemland og Bjørnar Olaisens stiftelse for støtte til utgivelse av «Bok IV».

«Bok IV» er eit djupdykk i mennesket bak maska – der huda er tynn, tankane er mange og orda ofte ikkje strekk til. Gjennom fire kapittel blir vi tekne med på ei reise frå dei første, nølande møta, gjennom djupe indre samanbrot, til ei endeleg og uunngåeleg avreise. Tekstane berrlegg dei 90 prosentane av isfjellet som vanlegvis ligg i mørke, og utforskar korleis vi blir til i blikket til kvarandre. Dette er ei bok for dei som tør å sjå på både sol- og skuggesida av det å vere til, og som veit at fridom ofte krev at ein vågar å stå heilt åleine.

«For når jeg er introvert
Må jeg framstå sterk
Fordi jeg ikke er trygg
på deg»

«For ein fugl
Ein vind
Eit hav
Må bli ei brikke
For å passe inn
I puslespelet»