Ordet vekk går som ein raud tråd gjennom alle boka sine tekstar, utan at nokon av dei inneheld sjølve ordet. «Vekk» er avslutninga av historia som har blitt fortalt gjennom dei åtte føregåande bøkene, og tek lesarane (ev. lesaren) med på Sølve Vang Nielsen si historie, som er ei vandring og reise som pågår samstundes med lesinga: tekstane knyter seg til reelle stader og reelle vandringar, skrivne der og då, lagt parallelt og fletta inn i kvarandre. Bli med på reisa, og finn di eiga retning og finn ditt eige mål for vandringa. Viktigst av alt: legg ut på vandringa frå her og vekk.