Ljoset skin ikkje

På deg

Det skin på –

Over

Dei andre

Men deg…

Ljoset kler deg

Kler seg over deg

Brer seg

Ned over akslene dine

Pustar liv

I håret

Målar mystisk og vakker skugge

Over andletet ditt

Fyller lekamen din

Med svingande rørsle

Strålar

Or augo dine

Trenger seg gjennom meg

Så eg byrjar danse

Medan eg ser på deg

Med lukka auge og krumma nakke

Ljoset

Blir deg

Du er

Ljoset

Handlekurv