Forord

Det du kjem til å lesa er ikkje eit forsøk på å eiga dine sanningar og å erstatta dine mentale bilete og idéar med mine. Eg håper at eg med dette kanskje kan nyansera eller utvida røynda slik du opplever ho. For det er nett dette som har skjedd med meg sjølv i møte med andre si røynd og andre sine erfaringar. Difor har eg forsøkt å oppsummera alt eg kan hugsa å ha høyrt og erfart knytt til temaet slik at eg kan samla og «destillera» dette til noko eg kan kalla mitt eige. Når så mykje klokt og interessant har blitt meg fortalt om emnet, bør det vera enkelt å få noko nyttig og vettug ut av det. At eg skriv dette er kun så eg ikkje skal gløyma kva både eg og andre har sagt og tenkt.

Bilderesultat for green heart emoji pngBilderesultat for green heart emoji pngBilderesultat for green heart emoji png

Opp gjennom livet har eg støtt høyrt det bli sagt at kjærleiken er så vanskeleg, så uforståeleg; at kjærleiken er det største, beste og venaste som finst og at kjærleiken er irrasjonell og uforklarleg – ja, rett og slett udefinerbar. «Ein veit kva kjærleik er når ein opplever det,» har vært forklaringa eg har fått.

Med dette som bakteppe og ideal, går ein ut i verda for å finna og for å oppleva kjærleiken; freistar å finna att i røynda det glansbiletet ein har i hovudet.

Sjølv har eg tatt det for gitt at det har vært sanninga eg har høyrt kring meg, for det er jo det mest nærliggande å tenka når «alle» kring ein seier det. Så i dei rette høva, har eg har gitt meg hen for å oppleva kjærleiken. Har eg trudd. Men var det kjærleik? Kva var det eg opplevde om det ikkje var kjærleik? Kan «alle» ta feil? Om det er så – kva er då rett? Kan det finnast ei forklaring, ein «definisjon», på kjærleik – om han så berre gjeld for meg personleg?

Eg starta ved å skrapa bort alle tankar, idéar, utsegner og påstandar eg har høyrt, både frå alle andre og frå mitt eige hovud, så eg stod heilt på bar bakke. Utan nokre haldepunkt. Difor var det eg meiner er målet i livet det fyrste eg trengde å definera. Raskt blei det klart at trivsel, for meg, står heva over alt anna, og at trivsel er tufta på tryggleik. Men kor kjem kjærleik inn i biletet? Er kjærleiken berre ein del av tryggleiken? Må me oppleva kjærleik for å trivast? Er kjærleik ein føresetnad for eller konsekvens av tryggleik?

Eg ønskte eit generelt kjærleiksomgrep, eit som har i seg alle slags relasjonar mellom alle slags menneske og alt kring oss (dyr, naturen, kunst osb.). Eit omgrep som er universelt og emosjonelt. Ikkje individuelt og seksuelt, fordi kjærleik, for meg, ikkje dreier seg om seksualitet og (ønsker om) seksuelt samkvem. Eg søkte eit kjærleiksomgrep som skal gjera det naturleg og ufarleg å seia «eg elskar deg»; for kvifor skal ein frykta å seie noko så fint til nokon?

Nok gonger har eg opplevd å få uønskte og negative reaksjonar på å seia «eg elskar deg». Ja, til og med «eg likar deg (godt)» har blitt møtt med – i beste fall – skepsis. Anten må det vera fordi eg er eit så fælt menneske at det beint fram må vera det verste som kan henda at ein blir likt eller elska av meg – eller det kan henda at ein reagerer med «frykt og avsky» fordi det mentale biletet ein har av korleis det skal vera når nokon seier «eg elskar deg» ikkje stemmer overeins med røynda, og då får ein ei lita krise fordi «røynda må skjerpa seg». Fordi røynda ikke er til å stole på.

«Det var ikkje slik det skulle være,» kan ein ta seg i å tenka då. Røynda blei ikkje slik ein hadde tenkt ho skulle vera. Sjølvsagt tyder ikkje dette at røynda er feil. Nei, det skjer fordi ein har feil bilete av korleis ein vil at røynda skal vera, fordi ein ikkje eig sitt eige bilete. Biletet er truleg altfor prega av andre sine tankar og idéar, anten det er frå familie, venner, kjærleikslitteratur, magasin, amerikanske romantiske komediar osb. Kan det vera at ein – altfor ukritisk – har tatt til seg andre sine «definisjonar» av kjærleik? Det er ein i så fall ikkje åleine om å gjera, og når det skjer at «alle andre» gjer det samme, møter ingen nokon form for brytning og motstand. Då sluker ein enkelt det biletet som blir servert, og slik blir andre sine bilete di sanning om kva kjærleik er. Eit bilete som er snevert og svakt; snevert fordi det er enormt mange krav og spesifikasjoner som nå oppfyllast for at røynda skal bli like perfekt som biletet og svakt fordi biletet er så åpenbart lite eigd av ein sjølv at det må forsvarast med stor stahet. Dette tyder vel på at biletet ein så enkelt slukte, i grunnen er ganske langt i frå det som faktisk er eins eige bilete (om ein berre tok tida til å skape det, sjølvstendig).

Så kva kan eg tilby for å utvida og nyansera – ikkje erstatta – biletet med, då? Jo, eit «eg elskar deg» fritt for baktankar; utan ei kjensle av at det ligg eit «eg har lyst til å ha sex med deg» bak. Eit «eg elskar deg» som kan seiast til foreldre, besteforeldre, søsken, venner, kjærast(er), kjæledyr, kolleger osb. – utan å mista meining og utan å mista verdi. Faktisk tvert imot!

Eg veit at eg trivst når eg er trygg, og eg føler meg trygg når eg opplever gjensidig kjærleik med dei eg fysisk har kring meg og med dei eg elles har i livet mitt. Fordi eg veit dei vil meg vel. Men korleis kan eg vita dét? Korleis kan eg i det minste vita at eg kjenner kjærleik, at eg elskar dei eg har kring meg og elles i livet mitt?

For meg byrjer det med aksept: Kjensla av at andre godtek at du er den du er, på den måten du er deg på. Då kan du sleppa deg sjølv laus, slappa av og vera åpen, direkte og ærleg. Då vil du, i neste omgang, oppleva forståing. Forståing for at du oppfører deg, tenker, meiner, talar (osb.) som du gjer. Sjølvsagt fordi forståinga er tufta på aksept. (Er det ikkje slik, kjem relasjonen til å svekkast / forsvinna med tida.)

Når aksept har fostra forståing og forståinga er trygt tufta på aksept, opplever du til slutt at andre bekreftar deg. Altså stadfesting av at ein er relevant for andre; at dei faktisk ønsker å ha deg der – å ha deg i livet sitt og å dela det mest dyrebare dei har – tida si – med deg. Då, når alle desse tre er på plass, kan du være – nei, då er du – trygg. Trygg på at det er kjærleik du opplever og kjenner. Då kan du seia «eg elskar deg», fordi det betyr «eg er glad i deg fordi eg kjenner at du aksepterer, forstår og bekreftar meg». Då blir det enkelt – og samstundes så stort – å høyra nokon sei «eg elskar deg» til deg. Fordi det betyr at dei opplever at du aksepterer, forstår og bekreftar han eller ho. Om ein ikkje får «eg elskar deg» i retur, er det ikkje så farleg, fordi du no veit kvifor. Så lenge båe «snakkar samme språk» veit du at det berre er eit spørsmål om tid før du blir elska i retur, og samstundes veit du òg at det du skal halda fram med å gjera er å akseptera, forstå og bekrefta.

Med rot i dette, er det åpenbart at «eg elskar deg» ikkje har noko med sex å gjera. For seksuelt samkvem er ein aktivitet ein – i utgangspunktet – kan ha med kven som helst, så lenge alle samtykker og ein kjenner seg trygg på den / dei som er partnar. Om kjærleik allikevel er til stades i det seksuelle samkvemmet, er det jo fantastisk, og få ting er vel betre enn å ha sex med nokon du elskar? Nett som alle aktivitetar: Det er alltid finast å dela aktivitetar, opplevinger og tida si med nokon som ønsker å vera der og som ein sjølv ønsker å vera der med. Då er det jo fint å vita at sidan de elskar kvarandre, har de allereie bekrefta at de ønsker å vera der med kvarandre!

Kjærleiken er altså, med andre ord, rasjonell. Kjærleiken er i utgangspunktet fri frå ønsker om å ha sex med nokon. Kjærleiken er emosjonell – basert på opplevinga det er å kjenna at nokon aksepterer, forstår og bekreftar deg på éin og samme gang. Kjærleiken bryr seg ikkje om kjønn, alder og relasjon, fordi kjærleiken er blind, åpen og inkluderande. Og – best av alt: Kjærleiken er grenselaus, utømmeleg og uendeleg!

Akseptér, forstå og bekreft, og du får det att frå alle kring deg.

Elsk, vis kjærleik. Til alt og alle, og du får kjærleik att – fleirfaldig!

Handlekurv