Eg ville… måtte berre seie desse orda. Usikker på om du kjem til å reagere – uavhengig av form og retning på reaksjonen.
Utan deg, er eg ingenting. Saman med deg er eg i det minste noko. Her får du difor min måte å vere takksam på:
Kvar dag, kvart minutt
Kvar time, kvar augneblink
Du er borte, det smertar
Du er nær, eg slit
Du er ein, du er mange
Du er få, du er ingen
Du er motbør, du er ekko
Du er stemmen, du er stilla
Skjønner du det ikkje?
Eg treng deg her
For alt, for gleda
For meg, for håpet
Du er – saman er vi – alfa og omega
Du er kniven og eg slira
Eg fortel, ingen høyrer
Eg føler, du aner ingenting