Brått det brast

Ei mektig elv

Omfamnar verda

I eit meander

Av omsut

Får tre til å strekkje seg

Frodige og grøne

Mot den blåe kvelven

Får blomar til å syne

All sin venleik

I ein eksplosjon av fargar

Får det til å syda og bogna av liv

I ei verd som svelt

Etter vilkårslaus godleik

 

Men like brått som det brast

Flyt elva gjennom dalen

Like til havet

Der bølgjene vaskar vekk

All den kjærlege næringa

Som ein gong vart

Demma opp og lukka bort

Alt dette gode

Som ingen ville ha

Som ingen ynskjer å ha

 

Det er visst ikkje ei tid for alt

 

Handlekurv