Når eg ser på deg

Bruser det av glede i meg

Du kler meg med eit smil

Genuint og ærleg

For du skin –

Du stråler


Når eg tenkjer på deg

Retter eg meg opp og strekk meg ut

Slik du gjer for å bære deg sjølv så flott

Eg vil – eg kan – òg

Være som deg:

Vakker


Når eg er nær deg

Kjenner eg krafta di

Korleis ho – korleis du – styrker meg

Du er der

For meg, nær meg, i meg

Alltid


Når eg kjenner kjærleik

Høyrer eg røysta di

Som syng til meg

At eg kan det eg er

At eg er det eg vil

Alt eg vil er å få elske deg



Handlekurv