Så bra at eg må revurdere

Det eg sa

Då du spurte

 

Det viste seg at eg synest

Du er så bra

At eg vil revurdere

 

Så skjer det som alltid skjer

Tvilen –

Tvilen kjem

 

Gjer at revurderer

Igjen

Og går tilbake til start

 

Ikkje din feil

Ikkje min

Men eg må bere børa

 

Eg håper at eg snart

Revurderer

Igjen

 

Det same som

Førre gongen

Du spurte

 

Eg håper du spør

Igjen

Tek meg inn i varmen att

Handlekurv