Eg vil så gjerne
Seie det
Men eg er redd
For kva alle andre
Vil tenke
For kvifor
Skal eg seie det
Til deg?
Kvifor skal eg seie
Noko som helst
Til deg
Når du ikkje kan
Svare?
Kva vil dei tenke
Når eg seier at du
Svarer –
At eg kan føle
At du svarer
Og at det er
Derfor eg så gjerne
Vil seie det?
Så difor velger eg
Å seie det
Så alle andre høyrer
Så alle andre veit
Berre ikkje du
For det endrar
Ingenting
Du gir fremdeles
Vilkårslaust
Du møter meg
Alltid
Utan fordom
Møter meg
Med full aksept
Utan å trenge
Å spørje for å
Forstå
Du er berre alltid
Der
Har alltid tid
Samme kva
Lynne me båe er i
Eg tr… –
–
Eg veit.