Eg leiter –

 

Eg leiter etter feil

Hjå meg sjølv

Eg finn feil

Treng ikkje ein gong å leite

 

Hjernen er ein glatt vegg

Full av speglar

 

Eg leiter etter rett

Hjå deg

Eg finn berre rett

Treng ikkje ein gong å leite

 

Blant speglane på veggen

Er to vindauge

 

Du seier at eg burde slutte

Slutte å leite

Etter feil

At eg heller burde leite

Etter rett

 

Hos meg sjølv

Slik eg gjer hjå deg

At eg burde sjå meg sjølv

Som eg ser deg

Som du ser meg

 

Eg ser deg som du er –

Fantastisk

 

Eg svarer at det er lett

Lett for deg å seie

Vanskeleg for meg å tru

Vanskeleg å fatte

 

Når du fortel

Om kva du ser

Om kva du tenker

Om kva du opplever

At dine bilete er motsett av mine

 

Kvifor leiter eg?

Kvifor leiter me?

 

Eg seier at eg bør slutte å leite

At me båe bør slutte å leite

At me heller bør skru av –

Skru av, og berre vere

 

Lat oss ikkje fjerne speglane

Lat oss ikkje opne vindauga

Me fjernar heller veggen

Me opner hjernen

 

Ikkje leit

Korkje etter feil eller rett

Berre skru av –

Berre vêr

Handlekurv