Eg trudde

Og enno vil noko i meg

Tru

At eg kan endre

Lagnaden din

Ved å møte min

 

For eg skulle

Så gjerne ha ofra

Mine plussar

Mine oppturar

(Som kunne ha vore)

For at du

I det minste

Fekk ein

For at du

Om ikkje anna

Kom deg ovanpå nok

Til å ha det bra

Til at du

Om berre ein augneblink

Opplever verdigheit

 

Sjølv om du

I mine auger

Alltid har vore

Verdig

Trur eg ikkje

At spegelen

I ditt eige hovud

Har svart deg

Handlekurv