Kva tyder det på

Når det atter går

Mot haust

Og eg igjen vitjar deg?

 

Når eg endå ein gong

Kjenner roen kome

Når eg ser deg

Når eg ser på deg

 

Nyt selskapet ditt

Nyt stilla

Nyt nærværet ditt

Nyt einsemda

 

Kvart spørsmål som tenkjast

Blir svart

I skummande kvitt

 

Smil som slår i mot meg

Gjev vind

I leia eg skal fare

 

Så kva tyder det på

At eg er her igjen

Hjå deg

Når det atter lir mot haust?

 

 

Handlekurv